11. sep. 2011

Steppehauk i hagen igjen!

Eg fekk telefon frå ISL om at han hadde sett ein Steppehauk på Tengesdal 
som han antok var fuglen frå forrige helg.
Då eg kom heim oppdaga eg fuglen sittande på såme plass i kornåkeren
som eg oppdaga Steppehauken forrige søndag.. Eg heiv meg i bilen
og kjørte nærmare og fekk tatt nokon dokumentasjonsbilder.
Dette var definitivt ein ny fugl i forhold til forrige helg!
Steppehauken tok snart til vingene og forsvant mot Gådå etter å
ha fløyet over hagen min. Steppehauk nr 2 på
hagelista på 1 uke! Ei særs kraftig regnbyge
kom innoverog me fant  ikkje hauken igjen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar