17. okt. 2011

The eagles are coming..!

For dei som lurer på tittelen, så er den inspirert av en kampscene
i den siste "Ringenes herre" filmen, der det  
ropes ut noe sånt som: "The eagles are coming!"
I går ettermiddag oppdaga eg at naboen sto og stirra opp på himmelen. 
Då eg kikka ut vinduet såg eg ei Havørn som sveva over huset.
Eg gjekk ut og oppdaga enda ei Havørn komme glidande over 
nærmaste åsrygg. På rekke og rad kom det enda 3 Havørner
glidande over åsryggen. Alle 5 låg og sirkla over huset 
med innlagt luftakrobatikk. Eg var heldig og fekk ettermiddagssola 
på fleire av bildene. Ein Dvergfalk var også oppe og mobba ei av Havørnene.






Kvar vinter samlast det Havørn langs 
Bjerkreimsvassdraget for å furasjere på all laksen som døyr eller fryser 
fast i isen. På det meste har eg sett 15 Havørn på ei 
gong over Tengesdal. I vinter dokumenterte eg minimum 22 forskjellige Havørner 
langs Bjerkreimsvassdraget. Antar at det er fleire med meg som er klare
til å bruke någen timer langs elva på leit etter ørnene.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar