30. okt. 2011

Beached Birds Survey

Dei siste vintrane har eg vore med og telt ilanddrevne, døde sjøfugl
langs Rogalandskysten i forbindelse med eit prosjekt kalt
Beached Birds Survey. Prosjektet går ut på å gå langs strendene 1 gang 
hver 14 dag og notere det ein finner av fugl. Hovedfokus er å overvåke
forekomsten av døde, ilanddrevne Lomvi, men også andre arter
blir notert. Prosjektet er samkjørt med NINA og det blir også
utført lignende prosjekter andre steder i Europa. Naturlig nok så vil
det variere frå gong til gong om ein finner någe. Denne gongen var
det heldigvis ingen fugl å finne. Uansett er det ein fin tur langs 
strendene og mulighetene for at det dukker opp någe anna spesielt 
er absolutt tilstede. Det er funnet mye spennende langs Jærkysten
av folk som har vore ute og talt strendene. Dei 2 siste
vintrane har eg kun talt på Eigerøy.



I dag var det ekstra tungt og grått skydekke. Desse 2 bildene 
er frå Skadbergsanden innerst i Lundavika på N-Eigerøy.


På innsida av Skadbergsanden, bak sanddynene er det ein spennande 
furuskog som har eit stort potensiale og som ennå har til gode å bevise det..


Det er dessverre ikkje bare sjøfugl som driver i land. Noen har skiftet 
ut 14" svarthvit fjernsynet sitt..


Islom overvintrer fast i bukta med opptil fleire individ. Lundavika er også 
fast overvintringsplass for arter som Horndykker og Gråstrupedykker.


24. okt. 2011

Spettmeisa til Dag Norman

Her om dagen var eg innom foringa til Dag Norman på Røysland. 
Mens me sto der og snakka så var det god trafikk på foringa.
2 -3 Spettmeiser var trofaste gjengangere på brettet og ein av 
dei satte seg like godt ned og reflekterte over livet.
Eg fekk lurt fram kameraet og rulla bilen forsiktig framover.
Sjelden å sjå Spettmeisa sitte heilt rolig i meir enn eit minutt..






Me hadde også 15 Båndkorsnebb overflygande, någe som er ny 
rekord i antall for meg.

17. okt. 2011

The eagles are coming..!

For dei som lurer på tittelen, så er den inspirert av en kampscene
i den siste "Ringenes herre" filmen, der det  
ropes ut noe sånt som: "The eagles are coming!"
I går ettermiddag oppdaga eg at naboen sto og stirra opp på himmelen. 
Då eg kikka ut vinduet såg eg ei Havørn som sveva over huset.
Eg gjekk ut og oppdaga enda ei Havørn komme glidande over 
nærmaste åsrygg. På rekke og rad kom det enda 3 Havørner
glidande over åsryggen. Alle 5 låg og sirkla over huset 
med innlagt luftakrobatikk. Eg var heldig og fekk ettermiddagssola 
på fleire av bildene. Ein Dvergfalk var også oppe og mobba ei av Havørnene.






Kvar vinter samlast det Havørn langs 
Bjerkreimsvassdraget for å furasjere på all laksen som døyr eller fryser 
fast i isen. På det meste har eg sett 15 Havørn på ei 
gong over Tengesdal. I vinter dokumenterte eg minimum 22 forskjellige Havørner 
langs Bjerkreimsvassdraget. Antar at det er fleire med meg som er klare
til å bruke någen timer langs elva på leit etter ørnene.




16. okt. 2011

Eigerøy fyr

 Eigerøy fyr ligger ytterst i havgapet utenfor Egersund. Sjølve fyret står
på Midbrødøya som ligger utenfor Eigerøy. På det smaleste er det 
kun eit smalt sund på ca 10 meter som skiller Eigerøy og Midbrødøya.
Frå parkeringsplassen her er det ca ein halvtimes gange på grusveg og sti før
ein er framme på fyret. Midbrødøya er som bildene viser sparsomt bevokst. 
Austre del av øya er mest gjødsla kulturbeite mens det på vestsida 
er plantet granplantinger som fleire plasser er omtrent  umulige å gå gjennom.

Parti av grusvegen på veg til Eigerøy fyr.

Typisk landskap på vest og sørvestre deler av Midbrødøya.
Her frå dalsøkk med grantrær rett før ein kommer til fyret

Utsikt frå "Linken" mot fyret

Det gamle fyrvokterhuset. Nå er det pussa opp 
og i bruk som feriehus. Her pleier me å ha oppe nett
for ringmerking av fugler.

Utsikt mot fyret

Lyset i dag veksla mellom forferdelig og fantastisk. Det var 
blåtimen og gultimen om ein anna. Frå overskya til skyfritt. 
Låg morgensol gjennom skyene som her. 
Massevis av utfordringer og muligheter med andre ord.

Store mengder meiser er på trekk nå. I dag var det over 200
Blåmeiser i trærne på Midbrødøya.


15. okt. 2011

Himmel i brann

I går morges kom sola opp under skydekket i aust. 
Det såg ut som om himmelen sto i brann. Litt kjedelig forgrunn 
der ein kunne ønska ein person eller eit eller anna dyr i horisonten..
men uansett ein flott opplevelse som var over på 10 minutter.



9. okt. 2011

3. okt. 2011

Gulbrynsanger i Gådå

Eg skulle kjøre innom Gådå for å teste ei endring i innstillingane på kameraet mitt.
På veg inn ser eg i sidevinduet ein bevegelse oppe i eit tre.
Eg fekk stoppa bilen og fekk satt kikkerten på fuglen. Gulbrynsanger!
Eg har hatt ein observasjon av arten før i Bjerkreim for fleire år sidan. 
Fekk tatt någen dokumentasjonsbilder av fuglen, sjølv om autofokusen sleit
 inni løvverket og eg endte med å  fokusere manuelt.






Soloppgang eller solnedgang

JA, eg veit det er klisjéaktig.. men eg blir aldri lei av hverken soloppganger 
eller solnedganger. Det flotte fargespelet, stillheten før det heile starter, eller
stillheten når sola går ned og du merker at lyder og aktivitet avtar.

Soloppgang over S-Eigerøy 

Soloppgang i Donana, Spania

Soloppgang over Bjerkreim

Soloppgang over Tengesdal

Soloppgang over Solbergtua, Bjerkreim

Solnedgang Eigerøy fyr

Solnedgang, Danmark


1. okt. 2011

Svartstrupe


 Eg oppdaga ei Svartstrupe på Tengesdal i dag. Fuglen holdt 
seg heile tida i motlys, så det blei bare dokumentasjonsbilde. 
Satser på at den holder seg til i morgen..

Airbus 380

I det fine været i dag var eg ute i hagen med ungane. Blikket var 
innimellom retta mot himmelen og på Flightradar'n på mobilen..

Icelandair (Boeing 757) fløy over på veg frå Kastrup til Reykjavik
i 34000 fot (10363 meter) høyde.
2 Boing 777'ere frå Qatar Airways passerte også på veg 
frå USA til Qatar. Store fly med kraftige kondensstriper.

Plutselig dukka denne kjempen opp i horisonten med ei feit kondensstripe 
etter seg. Lufthansa's A380 på veg frå Frankfurt til New York i 10363 meters høyde.

Grønt Eikefly

I natt fanga eg eit av dei flottaste nattflyane. Grønt Eikefly 
holder til i eikeskog og har flygetid nå i september og oktober. 



Skodde

Dei siste dagane har det vore eit høgtrykk som har holdt stand over 
Sør-Norge. Dessverre har det også vore tjukk skodde og mye dis 
desse dagane. Litt utfordringer med hensyn til fotografering, men også
spennande muligheter. Eg var ute ein liten tur ut i går morges for 
å sjå om det var noko spennande men mange plasser
var det ikkje meir enn 5 meters sikt..

Tårnfalk

Gjerdestolpe i skodda

Rødstrupe