24. sep. 2011

Reisefeber

Eg har ein kjenning som skal på tur Island og ville ha litt informasjon om kå
det var å sjå der oppe. Eg fekk dermed ein 
god unnskyldning til å bruke ein time eller 2 i arkivet og studere
bilder frå fototuren Rune og eg hadde til Island i juni 2008. 
Meir skal det ikkje til før reiselysten kribler igjen ..
Me kjørte leiebil rundt Island og var innom dei mest kjente plassene som
Tingvellir, Myvatn, Gullfoss, Svartafoss, Seljalandsfossen med mere.

Thingvellir. 
Her er det mye historie fra vikingetiden. Den midt-atlantiske fjellrygg går 
rett gjennom området. Eg står faktisk på kanten av 
kløften og tar bildet ned mot Thingvellir

Lavalandskap på SV-Island

Fra Myvatn på Nord-Island. Her er det eit mylder av fugler som hekker. 
Det er også sinnsjukt med insekter (mygg). Rett på austsida av 
Myvatn ligger dette området som ser ut som hel..  forgård.
Det vokser ingenting, det syder og koker i pytter på bakken.
Svovelstanken ligger tungt over området. Fleire plasser er bakken gul.
Ikkje rart at Jules Verne og mange med han har lagt inngangen til 
underverden på Island
Uansett ein stilig plass med mange gode fotomotiv!

Etter Myvatn bar det austover, inn i ingenting. Ikkje hus, ikkje sol. 
Me kjørte inn i skodde og regn som varte rundt heile austkysten

Kort etter at me hadde passert dette skiltet på austsida av Høfn på SØ-Island, traff me på 
ein kineser... PÅ SYKKEL! Det vil seie, han gjekk krokbøyd i sidevinden mens 
sykkelen nærmast hang vannrett i lufta.

Havhest
Må vere den absolutt vanligaste hekkefuglen på Island

Svartafoss, S-Island.
Kanonstilig område
Kontraster: Dvergbjørk med syngande Rødvingetrost. 
I bakgrunnen: milevis med lavasletter uten vegetasjon.

Glacier lagoon på S-Island. Her kalver isbreen i en lagune før 
"isfjellene" flyter ned ei kort elv og ut i havet. Me var uheldige og hadde 
værforholdene som er dokumentert i bildet lenger oppe. Må tilbake
ei gong med godt lys. 

Landskap i nærheten av Hekla.
Fruktbart som bare det... Det vokste INGENTING her.

Eg kan sterkt anbefale ein tur med kikkert og fotoapparat til Island.
Du kommer ikkje skuffet tilbake.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar